onsdag 21. desember 2022

Autolenking av Raumabasen - del 2

Etter å ha oppretta bustader i basen slik forklart i dette innlegget, er tida etter kvart inne til å sette i gang med sjølve lenkinga (altså søke fram personhendingar i databasen og lenke dei saman til ein person slik det er forklart her).

Prosessen vi kallar autolenking tek utgangspunkt i dei svært sterke søkefunksjonane i BSS. Autolenkinga er eigentleg ei oppskrift (maskinell simulering) av arbeidet med å søke fram hendingar som gjeld ein og same person eller eit par, og kople saman desse til «ferdige» personar (lenking) med kjente namn, fødsels/dødsdato, forhold til andre personar (barn, familie), opphav (foreldre), bustader osv.

Det er – som tidlegare nemnt fleire gonger – mest rekningssvarande å ta utgangspunkt i to personar som er relaterte til kvarande (vanlegvis gifte). Da vil variablane to for- og etter-/farsnamn kombinerte med kvarandre utgjere eit nokså lite utval, i alle fall viss dei to ikkje er Ole Olsson og Kari Olsdotter (sjølv da er det neppe snakk om mange slike kombinasjonar, når vi veit om lag når dei levde). Ein vil som oftast – om ikkje anna så frå ei folketeljing – altså kjenne namna og ca alder på dei to hovudpersonane.

Som elles er det mange måtar å arbeide mot ein BSS-database på, men for desse 'automatiske' prosessane er det altså ein stor fordel å ta utgangspunkt i to personar som har ein relasjon seg i mellom (altså par). Autolenkinga omfattar så at paret blir kopla til aktuelle bustader nemnt i kjeldene, først og fremst folketeljingane, men det blir også oppretta andre bustader basert på namnebruk i kyrkjebøkene og andre kjelder.

Prosessen må følgjast opp av ein manuell kontrollrunde på kvar person, der vi sjekkar namn, datoar, familie, bustader osv., gjer kontrollsøk, legg til hendingar som autolenkinga ikkje godtok, eventuelt fjernar hendingar som feilaktig vart lagt til, rette opp bustader, redigere tidsperiode o.a.

BSS har alltid hatt ein funksjon for å tildele oppretta personar ein status, gjerne NY ved første manuelle lenking. Så kan brukaren lage seg eit system for å tildele status på personar, t.d. SJEKK, UTVANDRA osv. Fordelen med funksjonen er at brukaren kan søkje fram personar på status og rette opp, supplere, lage analysar osv. seinare i prosessen.

Etter den automatiske behandlinga blir kvar person tildelt ein status i personvinduet i BSS: AUTOLENKA.


Når så kontrollrunden er gjennomført, kan brukaren endre status til t.d. LENKA, SJEKK e.l. (i historiefeltet kjem det nokre gonger ein slik advarsel som her, til hjelp for brukaren).

Vi har nå testa med utgangpunkt i ektepar i folketeljingane frå 1920 og 1910 for Kors sokn i Rauma, og går vidare med dei neste teljingane. Alle personane (nokre hundre) er altså førebels automatisk lenka med tillegg av ei kontrollrutine, og vi har eit førebels manuelt tidsbruk per lenka person.

Merk at BSS fangar opp hendingar frå andre kjelder i databasen enn folketeljingane, for dei personane som blir lenka automatisk slik. Det er sjølvsagt i denne perioden hendingar frå kyrkjebøkene. Seinare blir nok særleg dødsbuskifta lagt til.

Døme: Anne Eiriksd. født 1853, d. 1935, gift 1881 med Mathias Monge:


Her har vi altså fanga opp dei sentrale hendingane i livet til Anne, frå dåpen i 1853, i folketeljingane 1865 og 1875, giftarmålet i 1881, hendingane som markerer ungane i 1882, 1884, 1887, 1890, 1894 og 1898 (dåp og konfirmasjon). folketeljingane 1891, 1900, 1910 og 1920 og gravlegginga i 1935. Alle desse er innafor dei kjeldene vi har i databasen. 1935 er siste året vi har gravlagde i Kors frå, så lista hennar er komplett. Mannen, Mathias, levde nokre år lenger, og må ev. fangast opp ved delprosjektet med familieskjema som er under arbeid. Den informasjonen må leggast til manuelt.

Når dei nominative teljingane bakover til 1865 er autolenka slik, må vi vurdere resultatet og korleis vi skal gå vidare bakover i tid. Fordelen med dei nyare nominative teljingane er at ein finn att same personar i fleire av teljingane, noko som gir sikrare grunnlag for autolenking. Mellom 1865 og 1801 er tidsspranget såpass langt at det neppe er mange personar vi finn i begge teljingane, så da må vi prøve andre metodar. Det gjeld sjølvsagt òg når vi kjem ned på 1700-talet.

torsdag 8. desember 2022

Om automatisk lenking av Raumabasen - del 1

Dataprogrammet Busetnadssoge (BSS) har ei tid hatt ein innebygd funksjon for å lenke personhendingar automatisk. Det høyrest ut som ein draum, og det er det nok til ein viss grad óg. Men BSS har frå det ble lansert i 2004 hatt sterke søkefunksjonar, og det er desse som er organiserte i repeterande søk etter personhendingar for å sette saman personar slik det er gjort greie for i dette innlegget (23. oktober), med framhald i dette (24. oktober).

Autolenk-funksjonen

har altså vore ein del av BSS ei tid, og vi har prøvd han ut i litt større omfang på ein liknande database med kjelder frå Lesja. Som vi ser i innlegget frå 3 oktober, var det i Raumabasen 46.168 hendingar og 162.626 hendingsobjekt. I den Lesjabasen vi testa er det 60.185 hendingar og 235.808 hendingsobjekt (inkluderer Dovre), men funksjonen går greitt, så vi trur ikkje Raumabasen er for stor for å køyre automatisk lenking.

For å kunne starte opp med autolenking må databasen ha oppretta bustader. Det kan sjølvsagt gjerast på mange måtar, men for å autolenke Raumabasen har vi i alle fall gjort det ved å generere matrikkel-/namnegardar ut frå matrikkelen 1886. Da tar vi òg med oss både gardsnumra som vi kjenner frå nyare tid, og dei løpenumra eigedomane hadde i den forrige matrikkelen, frå 1838. Løpenumra står i den fjerde kolonnen i 1886-matrikkelen, etter dei nye gards- og bruksnumra.

Da får vi desse gardskapitla for Hen:


Vi får desse for Grytten hovudsokn:


Og desse for Kors sokn;


I det vidare arbeidet skal så automatlenka personar plasserast på desse bustadene, som sjølv må bearbediast fortløpande. Det kjem vi tilbake til.


mandag 24. oktober 2022

Framhald søking og lenking i BSS-databasen for Rauma

I den forrige bloggposten start vi prosessen med å lenke personar i databasen. Vi kom på slutten, fig. 11, til at vi hadde oppretta to 'BSS-personar' med felles hendingar (sjå definisjonane starten der).

Nå går vi vidare og fullfører lenkinga av Marianne. Vi legg hendigane hennar tilbake i søkevinduet og får det same utgangspunktet som da vi fann Ole som partnar.

Fig. 12: hendingane til fokusperson klar for nytt enkeltpersonsøk. Merk at dei er kursiv, for dei er lenka.

Hendingane i fig. 12 er alle altså kopla (relatert) til Ole som partnar. Nå markerer vi dei og søker på hendigane hennar som enkeltperson, slik vi gjorde i fig. 7. Men nå blir trefflista ei anna.

Fig. 13: treff på søk etter Marianne (Person ID 19) etter lenking til Ole.

I fig. 13 har vi tilsynelatande funne meir informasjon om Marianne, men her må vi nok bruke innsynsvinduet for å sjekke kva som står på hendingane. Allereie i første treff på ho, frå 1920-teljinga i figur 3, ser vi fødselsdatoen hennar, 29.1.1882. I treffa her ser vi fornamnet 'Mariane', med same dato. Er det "ein og same historiske person" som kora til Ole Brøste? Ved innsyn kan vi sjå:

Fig. 14: dåpshendinga til Marianne

I fig. 14 ser vi namna på foreldra, og fødestad 'Sletta' (i skarpe parentesar fordi det eigentleg er bustaden til faren Mathias i kyrkjeboka; namnet blir da hengt på også barnet til hjelp i identifiseringa). Viss vi er usikre på skrivemåten av namnet ved dåpen (Mariane), kan jo det sjekkast i kyrkjeboka (nr. 10). Det er visst einaste gang den namneforma er brukt.

På same viser sjekkar vi nedover dei andre hendingane til Marianne: folketeljinga 1891, konfirmasjonen 1896, folketeljingane 1900 og 1910 og som mor da eldste sonen vart konfirmert i 1931.
Fig. 15: Marianne i 1910-folketeljinga.

I folketeljinga 1910 ser vi at Marianne var tenestjente på Nyheim, som vi kan sjå hadde gnr. 74/1 når vi går på den lina.

Resultatet er at vi markerer dei seks hendingane i fig. 13 og lenkar som tillegg til Marianne. Deretter hentar vi hendigane hennar, medrekna dei vi fann i søket i fig. 13, til søkevinduet, markerer alle og autosøker etter Marianne i kombinasjon med Ole. Da får vi opp konfirmasjonane for dei andre ungane og kan tilleggslenke dei. Deretter gjer vi same operasjonar med Ole.

Fig. 16: første enkeltsøk på Ole (Persin ID 20) etter lenkinga.

I fig. 16 får vi så ein del av 'forhistoria' til Ole før vigselen, og hendingane han var involvert i saman med Marianne seinare. Men som vi ser: vi får òg eitt treff som ikkje kan vere 'vår' Ole; han kan sjølvsagt ikkje ha vore far ved ein konfirmasjon i 1873, to år før han vart fødd.

Så kjem det ei hending, folketeljinga 1891, med ein Ole Knutsen Kleiven f. 1875. Kan det vere "same historiske person" som vår Ole? Vi ser på hendinga, og ser at faren er Knut Olsen Brøste, same far som da Ole gifta seg i 1915 - det er vanlegvis god nok grunn til å lenke hendinga.

Men vi ser vidare at Ole var far ved dåp i 1902 og i 1906, og ektemann ved ei gravferd i 1911, og  far ved konfirmantar att før det kan vere sønene han fekk med Marianne. Eit nytt søk på Ole som einsleg gir resten:

Fig. 17: andre enkeltsøk på Ole etter lenkinga.

I fig. 17 dukkar konfirmasjonen i 1873 opp att, men nå får vi òg ein dåp i 1876, der fødselsdatoen er 5.12.1875, de same som i folketeljinga 1920 (sjå fig. 3). Og ved konfirmasjonen i 1890 har Ole etternamnet og bustad Kleven, det same som faren da han var døypt. med andre ord, her har vi nok utan nemnande same historiske person og kan tilleggslenke.

Og av dei andre hendingane Ole er involvert i ser vi at han må ha vore gift og fått barn før ekteskapet med Marianne. Personvinduet etter den siste lenkinga ser tilsynelatande nokså uoversiktleg ut, så eg lenkar Elianna.
Fig. 18: Hendingane for Elianna

I fig. 18 ser vi dei hendingane vi har som involverer Elianna i databasen. I person-fana har vi dei hendingane som ikkje er lenka, medan i hendingsfana har vi alle. Merk at vi ikkje finn dåp eller konfirmasjon for Elianne. Det kjem nok at at ho var født i Voll sokn, der vi ikkje har med kyrkjebøkene.

Arbeidet vidare kan gjerast på mange måtar, men her lenker vi opp ungane slik at vi kan få ein rimeleg komplett ferdig lenka familie. Vi gjer det litt enklare her: markerer første Dåp under Elianne og Ole i personvinduet: Knut [Olsen Kleven] f. 30.4.1902, legg den hendninga over i søkevinduet og lenkar Knut som ny hovudperson. Nå kan eg gå vidare med han på same viset som Ole, Marianne og Elianna, men i staden gjer eg same operasjon for dei andre barna i familien.
Fig. 19: barna til Elianna og Ole lenka

Her ser vi altså Knut, Ingeborg og Johan Olav lenka, og så ulenka hendingar nedafor: folketeljinga 1920 og konfirmasjonane til to av dei. Nå kan brukare berre 'ta tak i' desse hendingane og dra dei opp på dei barna dei gjeld. Denne funksjonen er ofte nyttig; den kunne vore brukt på mange av figurane i førre innlegg, t.d. fig. 8, 10 og 11.
Fig. 20: familien etter første runde lenking.

Her er altså alle namneformer frå kjeldene (kyrkjebøkene og folketeljingane) med, så her må det rask redigering til. Til det nyttar vi den øver høgre delen av personvinduet
Fig. 21: Redigeringsfaner for BSS-person

I denne fana kan vi redigere (dvs. overstyre) namn etc. som ligg i kjeldegrunnlaget. Vi rettar opp fornamnet (som vi veit var Ola), og vi fjernar dødsåret, som nok er generert frå at han stod i samband med gravlegginga av Elianna. Vi fjernar òg alternativa for Mathias, og rettar Albert til Alfred; her er det nok ein avskrivingsfeil.

Nå kan vi gå vidare på mange vis. Vi kan lenke ungane ein for ein på liknande vis, vi kan hente foreldre til Marianne. For vi har ikkje nemnt det øvste feltet i personvinduet:
Fig. 22: hendingar til foreldre til fokusperson i øvste felt i personvinduet.

Men førebels avsluttar vi med å 'utskrift' av den familien vi har fått sett saman med BSS:
Fig. 23: Familieoppsett med utskrift frå programmet

Denne utskrifta er altså i såkalla 'rikt tekstformat', dvs. at den kan takast rett inn i t.d. Word for vidarebehandling, viss det er nødvendig, sendast til familien for kontroll eler liknande. Merk at all informasjon er - bortsett frå dei redigerte namneformene - data frå primærkjeldene, formatert til slik utskrift av BSS.

For ungane i denne familien er det nokre få fleire hendingar i databasen (konfirmasjon og vigsel), men elles må dei utfyllast med informasjon som prosjektgruppa er i gang med å samle inn frå ymse opne kjelder og eigne skjema.

søndag 23. oktober 2022

Om søking i og lenkinga av BSS-databasen for Rauma

Lenking er hovudoperasjonen for å sette saman person- og stadinformasjonen frå databasen til ein lesbar tekst. I dette innlegget (det første i ein serie) skal eg vise ein måte det kan gjerast på, med utgangspunkt i databasen for Rauma, men metoden er den same med alle tilsvarande BSS-databasar.

Nokre omgrep

 ein BSS-database finn vi:

  • Hendingar, frå dåp, vigsel, dødsbuskifte, folketeljing, utflyttarliste osv.
  • Kvar hending inneheld eit antal personar, frå 1 i t.d ei gravferd eller utflytting, til mange i dåp eller vigsel (brudepar, foreldre og forlovarar)
  • I kvar hending har kvar person ei rolle: som hovudperson, mor, far, brudgom osv.
  • Mellom personane er det relasjonar av to slag: biologiske (barn-mor, barn-far) og partnarar (gifte, med felles barn etc.)
Personhending: Ein person nemnt i ei hending med ei rolle, t.d. «far ved dåp», «brud» osv. Merk at dei fleste hendingar inneheld fleire personhendingar.

Normering og søking – Autosøk (Einsleg eller Par): Kraftige BSS-funksjonar for å finne (person-)hendingar. Raumabasen har 45158 hendingar og 162626 personhendingar. Søker på normerte namn, viser originalformene. Normeringa i Raumabasen er vist i dette innlegget (nedafor).

Lenking: Det brukaren gjer når hen er sikker på at fleire personhendingar gjeld ein og same historiske person.

Person: er eit «BSS-objekt» som blir oppretta (ved hjelp av lenking) når ein og same historiske person kan dokumenterast gjennom ei eller fleire personhendingar.

Kopling: Automatisk prosedyre i BSS som koplar oppretta personar saman til familiar.

Stader: er «BSS-objekt» som tilsvarar gardar, husmannsplassar, bustadhus osv. Alle familiar blir plasserte på stader, som òg kan vere «ukjente» viss ein ikkje veit kvar t.d. på Sogge ein familie ein finn med namnet, har budd.

Grensesnittet for BSS

har ein tynn hovudmeny øvst, og så tre vindu, som ein kan flytte rundt på som ein vil:
Fig. 1: Oppe til venstre Stader, nede til venstre Personar, til høgre Søking

Øvst til høgre i søkevinduet finn ein dei objekta ein skal søke på:
Fig. 2: søkefelt

Søking

I fig. 2 søker ein på fornamn, farsnamn, slektsnamn, stader osv. Ein kan òg søkje på m.a kjelder, og få fram personhendingar frå ei folketeljing e.a.

Neste figur viser søk etter personhendingar i folketeljinga 1920 med slekts- eller stadnamnet Brøstet.
Fig. 3: resultat av søk på kjelde folketeljinga 1920 og slekt-stadnamn 'Brøstet'.

Søking for å lenke personar bør ta utgangspunkt i eit par, altså to personar som har ein parrelasjon. Dei finn vi sjølvsagt i vigselshendingar, i folketeljingar, dødsbuskifte. Folketeljing er kanskje best, for der får ein i tillegg ofte med fleire personhendingar som har relasjonar til kvarandre, og som BSS kan utnytte.

Med utgangspunkt i søket i fig. 3 ser vi på ein person, den tredje ovanfrå: 'Marianna' Brøste f. 1882. Vi klikkar på ho og får opp eit vindu der i kan sjå heile hendinga, med alle personhendingar, roller mellom dei og data for den enkelte personhendinga.

Fig. 4: Innsynsvindu til hendingar. Same oppsett for alle kjelder.

I fig. 4 ser vi viktig informasjon om hendinga. Øvst står kjeldetilvisinga (folketeljinga 1920 Grytten), så blir alle personhendingane som har felles relasjonar lista opp med namn og type. Mellom dei to øvste, 'Ole K.' og 'Marianna', er det partnarrelasjon, ekteskap, med ID-nummer 24813 nedafor, og så barna, eit ektepar til og ei til forpleining. Alle har ein felles stadrelasjon, 'Brøste (nedre)' som vi ser på nedste line.

Vi ser lina for 'Marianna' er markert. I feltet til høgre ligg nå informasjonen om ho frå denne teljinga, Den treng ikkje vere korrekt; det er det som er registrert i 1920-teljinga. Andre kjelder kan gje annan informasjon, t.d. fødselsdato. Viss vi klikker på den nedste lina for Stad, får vi fram gardsnummer 82, bruksnr. 1, 2. Tilsvarande for alt i feltet til venstre; detaljar kjem til høgre.

Opprette personar

For å gjere om 'Marianna' i 1920-teljinga til BSS-objektet 'person' kan vi høgreklikke på ho i søkevinduet og lenke ho som 'Ny hovudperson'. Dermed blir ho ein person slik det er definert i BSS-systemet (sjå over), og i personvinduet ser det nå slik ut:
Fig. 5: personvindu for 'Marianna' etter oppretting frå 1920-teljinga.

Det vi ser i fig. 5, er altså det vi fann om ho i akkurat denne hendinga: dei andre personhendingane ho var relatert til. Men nå startar arbeidet med å lenke personen 'Marianna'. Frå dette vinduet vel ved høgre klikk ein funksjonen 'Søk hendingar' og får opp eit nytt søkevindu:
Fig. 6: Søk hendingar for ein etablert person.

Merk at personhendinga i figur 6 er kursiv, det tyder at ho er lenka til personen 'Marianna'. Nå har BSS som nemnt nokre kraftige Autosøk: på einsleg person eller paret. Vi prøver eit søk på 'Marianna' som einsleg.
Fig. 7: Første enkeltpersonsøk på 'Marianna'. Resultatet etter fire søk kjem som nr. 5 med 6 treff.

I fig. 7 får vi treff på vigselen med 'Marianna' med rolle brur i 1915 og deretter fem dåpshendingar der ho har rolla mor. Nå kan vi sjølvsagt sjå inn på desse hendingane viss vi er usikre på om det er same historiske person ('Marianna') som er involvert i desse hendingane. Men det ser nokså trygt ut her, så vi markerer alle, høgreklikkar og lenkar som tillegg til Marianna.

Da skiftar personvinduet utsjånad:

Fig. 8: Lenking etter første tilleggssøk

Skjermbildet i fig. 8 kan sjå litt uoversiktleg ut, men det er altså alle hendingar som har ein eller annan relasjon til 'Marianna', lista kronologisk med vigselen til Ola som den første, dåpen av sonen Edvin i 1916 som den andre, dåpen av Mathias som den tredje og så 1920-teljinga før dei neste barna.

Partnarsøk og -lenking

Det er så mange vegar å gå vidare i søkinga for å få etablert familien. Her demonstrerer eg ein veg: ved å søke på partnar.
Fig. 9: søk på partnar


I fig. 9 er først hendigane til 'Marianna' lagt over i søkevinduet og markert. Deretter går ein på Relasjonsfana heilt til høgre i søkeobjektsfeltet og klikkar "Vis resultat". Her får vi da opp dei same hendingane som i fig. 7, med 'Ole' som partnar (her: ektefelle, søk nr. 2).

Også desse kan vi sjølvsagt sjekke ved hjelp av innsynsvinduet (fig. 4), men det kan vi nok rekne med ikkje er nødvendig her. Vi kan trygt markere alle desse hendingane og lenke dei som "Ny hovudperson".

Fig. 10: Partnar lenka som "Ny hovudperson".

I fig. 10 ser vi at 'Ole' står som fokusperson i personvinduet, gift 1915 med 'Marianna' og hendingane er kopla saman som felles for dei begge to.

Akkurat her kan det vere nyttig med eit første blikk på personvinduet. Førebels har vi berre to personar (etter BSS-definisjonen), og dei kan vi bytte om i dette vinduet ved å klikke. Vi kan òg sjå nærare på dei ved å klikke på fana Hendingar til høgre.
Fig. 11: Hendingslista til fokuspersonen i personvinduet.

I fig. 11 har vi bytta til Marianne som fokusperson og henta fram dei hendigande vi førebels har om ho. Som vi ser har namnet formen 'Marianna' ved vigselen i 1915 og ved folketeljinga 1920. I alle dåpsinnføringane er forma Marianne, og dermed vel BSS den som hovudform, med alternativet i parentes. Det er så enkelt for brukaren å klikke på namnet oppe til høgre der hen (den ansveleg for sluttresultatet) kan redigere fornamnet og dei andre namna heilt utan omsyn til databasen.

I neste innlegg skal vi sjå på korleis vi fullfører lenkinga av Marianne og Ole.
















Utfordring til slektsgranskarar: Anders Olss. f. ca. 1780

Som det går fram denne bloggforklaringa , får alle som blir lenka ein status (lenka, innflytt, neste m.fl.) undervegs i denne fasen. I blog...