søndag 23. oktober 2022

Om søking i og lenkinga av BSS-databasen for Rauma

Lenking er hovudoperasjonen for å sette saman person- og stadinformasjonen frå databasen til ein lesbar tekst. I dette innlegget (det første i ein serie) skal eg vise ein måte det kan gjerast på, med utgangspunkt i databasen for Rauma, men metoden er den same med alle tilsvarande BSS-databasar.

Nokre omgrep

 ein BSS-database finn vi:

  • Hendingar, frå dåp, vigsel, dødsbuskifte, folketeljing, utflyttarliste osv.
  • Kvar hending inneheld eit antal personar, frå 1 i t.d ei gravferd eller utflytting, til mange i dåp eller vigsel (brudepar, foreldre og forlovarar)
  • I kvar hending har kvar person ei rolle: som hovudperson, mor, far, brudgom osv.
  • Mellom personane er det relasjonar av to slag: biologiske (barn-mor, barn-far) og partnarar (gifte, med felles barn etc.)
Personhending: Ein person nemnt i ei hending med ei rolle, t.d. «far ved dåp», «brud» osv. Merk at dei fleste hendingar inneheld fleire personhendingar.

Normering og søking – Autosøk (Einsleg eller Par): Kraftige BSS-funksjonar for å finne (person-)hendingar. Raumabasen har 45158 hendingar og 162626 personhendingar. Søker på normerte namn, viser originalformene. Normeringa i Raumabasen er vist i dette innlegget (nedafor).

Lenking: Det brukaren gjer når hen er sikker på at fleire personhendingar gjeld ein og same historiske person.

Person: er eit «BSS-objekt» som blir oppretta (ved hjelp av lenking) når ein og same historiske person kan dokumenterast gjennom ei eller fleire personhendingar.

Kopling: Automatisk prosedyre i BSS som koplar oppretta personar saman til familiar.

Stader: er «BSS-objekt» som tilsvarar gardar, husmannsplassar, bustadhus osv. Alle familiar blir plasserte på stader, som òg kan vere «ukjente» viss ein ikkje veit kvar t.d. på Sogge ein familie ein finn med namnet, har budd.

Grensesnittet for BSS

har ein tynn hovudmeny øvst, og så tre vindu, som ein kan flytte rundt på som ein vil:
Fig. 1: Oppe til venstre Stader, nede til venstre Personar, til høgre Søking

Øvst til høgre i søkevinduet finn ein dei objekta ein skal søke på:
Fig. 2: søkefelt

Søking

I fig. 2 søker ein på fornamn, farsnamn, slektsnamn, stader osv. Ein kan òg søkje på m.a kjelder, og få fram personhendingar frå ei folketeljing e.a.

Neste figur viser søk etter personhendingar i folketeljinga 1920 med slekts- eller stadnamnet Brøstet.
Fig. 3: resultat av søk på kjelde folketeljinga 1920 og slekt-stadnamn 'Brøstet'.

Søking for å lenke personar bør ta utgangspunkt i eit par, altså to personar som har ein parrelasjon. Dei finn vi sjølvsagt i vigselshendingar, i folketeljingar, dødsbuskifte. Folketeljing er kanskje best, for der får ein i tillegg ofte med fleire personhendingar som har relasjonar til kvarandre, og som BSS kan utnytte.

Med utgangspunkt i søket i fig. 3 ser vi på ein person, den tredje ovanfrå: 'Marianna' Brøste f. 1882. Vi klikkar på ho og får opp eit vindu der i kan sjå heile hendinga, med alle personhendingar, roller mellom dei og data for den enkelte personhendinga.

Fig. 4: Innsynsvindu til hendingar. Same oppsett for alle kjelder.

I fig. 4 ser vi viktig informasjon om hendinga. Øvst står kjeldetilvisinga (folketeljinga 1920 Grytten), så blir alle personhendingane som har felles relasjonar lista opp med namn og type. Mellom dei to øvste, 'Ole K.' og 'Marianna', er det partnarrelasjon, ekteskap, med ID-nummer 24813 nedafor, og så barna, eit ektepar til og ei til forpleining. Alle har ein felles stadrelasjon, 'Brøste (nedre)' som vi ser på nedste line.

Vi ser lina for 'Marianna' er markert. I feltet til høgre ligg nå informasjonen om ho frå denne teljinga, Den treng ikkje vere korrekt; det er det som er registrert i 1920-teljinga. Andre kjelder kan gje annan informasjon, t.d. fødselsdato. Viss vi klikker på den nedste lina for Stad, får vi fram gardsnummer 82, bruksnr. 1, 2. Tilsvarande for alt i feltet til venstre; detaljar kjem til høgre.

Opprette personar

For å gjere om 'Marianna' i 1920-teljinga til BSS-objektet 'person' kan vi høgreklikke på ho i søkevinduet og lenke ho som 'Ny hovudperson'. Dermed blir ho ein person slik det er definert i BSS-systemet (sjå over), og i personvinduet ser det nå slik ut:
Fig. 5: personvindu for 'Marianna' etter oppretting frå 1920-teljinga.

Det vi ser i fig. 5, er altså det vi fann om ho i akkurat denne hendinga: dei andre personhendingane ho var relatert til. Men nå startar arbeidet med å lenke personen 'Marianna'. Frå dette vinduet vel ved høgre klikk ein funksjonen 'Søk hendingar' og får opp eit nytt søkevindu:
Fig. 6: Søk hendingar for ein etablert person.

Merk at personhendinga i figur 6 er kursiv, det tyder at ho er lenka til personen 'Marianna'. Nå har BSS som nemnt nokre kraftige Autosøk: på einsleg person eller paret. Vi prøver eit søk på 'Marianna' som einsleg.
Fig. 7: Første enkeltpersonsøk på 'Marianna'. Resultatet etter fire søk kjem som nr. 5 med 6 treff.

I fig. 7 får vi treff på vigselen med 'Marianna' med rolle brur i 1915 og deretter fem dåpshendingar der ho har rolla mor. Nå kan vi sjølvsagt sjå inn på desse hendingane viss vi er usikre på om det er same historiske person ('Marianna') som er involvert i desse hendingane. Men det ser nokså trygt ut her, så vi markerer alle, høgreklikkar og lenkar som tillegg til Marianna.

Da skiftar personvinduet utsjånad:

Fig. 8: Lenking etter første tilleggssøk

Skjermbildet i fig. 8 kan sjå litt uoversiktleg ut, men det er altså alle hendingar som har ein eller annan relasjon til 'Marianna', lista kronologisk med vigselen til Ola som den første, dåpen av sonen Edvin i 1916 som den andre, dåpen av Mathias som den tredje og så 1920-teljinga før dei neste barna.

Partnarsøk og -lenking

Det er så mange vegar å gå vidare i søkinga for å få etablert familien. Her demonstrerer eg ein veg: ved å søke på partnar.
Fig. 9: søk på partnar


I fig. 9 er først hendigane til 'Marianna' lagt over i søkevinduet og markert. Deretter går ein på Relasjonsfana heilt til høgre i søkeobjektsfeltet og klikkar "Vis resultat". Her får vi da opp dei same hendingane som i fig. 7, med 'Ole' som partnar (her: ektefelle, søk nr. 2).

Også desse kan vi sjølvsagt sjekke ved hjelp av innsynsvinduet (fig. 4), men det kan vi nok rekne med ikkje er nødvendig her. Vi kan trygt markere alle desse hendingane og lenke dei som "Ny hovudperson".

Fig. 10: Partnar lenka som "Ny hovudperson".

I fig. 10 ser vi at 'Ole' står som fokusperson i personvinduet, gift 1915 med 'Marianna' og hendingane er kopla saman som felles for dei begge to.

Akkurat her kan det vere nyttig med eit første blikk på personvinduet. Førebels har vi berre to personar (etter BSS-definisjonen), og dei kan vi bytte om i dette vinduet ved å klikke. Vi kan òg sjå nærare på dei ved å klikke på fana Hendingar til høgre.
Fig. 11: Hendingslista til fokuspersonen i personvinduet.

I fig. 11 har vi bytta til Marianne som fokusperson og henta fram dei hendigande vi førebels har om ho. Som vi ser har namnet formen 'Marianna' ved vigselen i 1915 og ved folketeljinga 1920. I alle dåpsinnføringane er forma Marianne, og dermed vel BSS den som hovudform, med alternativet i parentes. Det er så enkelt for brukaren å klikke på namnet oppe til høgre der hen (den ansveleg for sluttresultatet) kan redigere fornamnet og dei andre namna heilt utan omsyn til databasen.

I neste innlegg skal vi sjå på korleis vi fullfører lenkinga av Marianne og Ole.
















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Utfordring til slektsgranskarar: Anders Olss. f. ca. 1780

Som det går fram denne bloggforklaringa , får alle som blir lenka ein status (lenka, innflytt, neste m.fl.) undervegs i denne fasen. I blog...