tirsdag 4. juli 2023

Utfordring til slektsgranskarar: Anders Olss. f. ca. 1780

Som det går fram denne bloggforklaringa, får alle som blir lenka ein status (lenka, innflytt, neste m.fl.) undervegs i denne fasen. I blogginnlegget frå 8. mai er det eit døme frå Stranda (Hen).

Den vidare autolenkinga kan kanskje føre til at brukaren (per nå Snøhetta forlag a.s) finn løysinga innabygds. Men det kan òg vere innflytte, og når vi er bakover på tidleg 1800-tal har vi ofte ikkje informasjon om kvar folk kom frå.

Her er eit anna døme, og det er Anders Olss. vi ikkje har klart å identiflisere med dei kjeldene som er lagt inn i BSS-databasen.

Vi (bygd på BSS-innhaldet) har plassert han og familien på Lykkjesletta på Verma, ut frå bustaden ved vigsel, barnedåp med fleire. Første mulege sporet etter han i BSS-basen kan vere ein Anders Olss., som vart konfirmert i Grytten Dom 3p Trinit 1796 med bustad Kyllingen. Det er nokså usikkert; det er fleire Anders Olss. i prestegjeldet i 1801, men ingen som liknar på 1796-konfirmanten.

Så gifta han seg med Gullaug, og dei fekk dei tre ungane som er lenka og med i lista førebels. Dei får to til, Guro/Guri f. 1801 og Petter f. 1811 (som altså ikkje er lenka førebels fordi autolenkinga ikkje har funne meir om dei, innabygds).

Men kven var Anders? Var han født i Grytten, eller kom han utanfrå? Slik ser hendingslista hans ut:

Første barnedåp og vigselen i 1801 er nok dobbeltregistrert og gjeld same hendinga. Vi ser dåps- og konfirmasjonshendingane for barna, og to skifte der kona Gullaug var arving. Så døydde ho, og Anders gifta seg opp att. Der står det at han var 67 år, så fødselsåret er neppe nøyaktig 1780. Ved gravlegginga var han 79 år, så han var vel født ein stad mellom 1796 og 1782.
Med den vidare lenkinga bakover kan vi kanskje finne foreldra til Anders (det må jo vere ein Ola, men det er mange). Det er kanskje meir sannsynleg er at han kom flyttande. Da kan han stå som født, tilstades i 1801 eller på annan måte i Digitalarkivet, men ikkje i Grytten for det har vi i databasen.

Og dermed er vi ved utfordringa: kan vi på andre måtar finne ut kven Anders var? Det kan jo hende nokon slektsinteresserte i etterslekta (eller andre) for lengst har identifisert han, kanskje funne han oppført i ei anna bygdebok med referanse til Lykkjesletta (eller kanskje til og med i Raumadalsfolket) eller på annan måte.

Andre kona hans, Eli, kom som vi ser frå Lesja. Dei står i Lesja bd. 1 side 145, Nørdre Rånåhaugen (6-3).

Umiddelbart under teksten her står datoen, "Ingen kommentarer" og ein blyant. Klikk på dei, og du får eit felt der du kan kommentere det vi har om Anders, fortelje kva du veit og/eller har funne i ei kjelde m.m. - helst med tilvising til bok eller primærkjelde på Digitalarkivet.

Viss ingen finn ein truverdig teori om kven Anders var, blir det nok ståande "elles ukjent" i boka.

Lykke til!

mandag 8. mai 2023

Litt meir om autolenkinga

Per i dag (8. mai 2023) er vi kome til og med Hen, gardsnummer 43, i autolenkingsprosessen, og det kan vere av interesse å sjå korleis dei enkelte bustadane med folk (familiegrupper) ser ut på dette stadiet.

Av praktiske grunnar viser vi ein mindre gard, Stranda gnr. 36. I stad-vinduet ser den slik ut:
med Stranda gnr 36

Dei to øvste bustadane, 1 og 2, er altså frå matrikkelen 1886, bruksnr. 1 og 2, som forklart i dette første innlegget om funksjonen. Til desse bustadane blir det ikkje lagt folk (familiegrupper) under autolenkinga. Det er ein operasjon som må gjerast seinare ved bruk av andre kjelder enn dei som er lagt inn i databasen, der særleg pante- og grunnboksinformasjon er sentral.

For ordens skyld: autolenkinga inkluderer eit manuelt ettersyn av dei oppretta lenkene. Det er desse vi må fakturere til historielaget. Eit døme: i prosessen (ikkje på Stranda) dukka ei Anne Hansd. opp som gift tre gonger, med høvesvis Ola Olss., Knut Knutss. og Ola Knutss. Gjennomsyn viste at i alle fall to av desse var på si side enkjemenn … og det var ikkje mogleg å finne dei tidlegare ekteskapa på nokon enkel måte. Etter mykje søking og leiting måtte vi markere desse med status ‘SJEKK’ for å ta dei att seinare. 

Under [3. Stranda] i figuren finn vi nå desse familiegruppene:
Familiegrupper Stranda gnr 36 etter autolenkinga.

Dette er altså alle par som er kopla til Stranda gjennom ei eller anna kjelde, stort sett folketeljingane, men kan òg vere tilkopla på anna vis.

I BSS (programmet) ser den første (eldste førebels) familien, Brit og Søren, slik ut:


Og som forklart tidlegare, i personvinduet, det midtre feltet, er dei personane som er lenka vist med blå skrift og tilnærma 'ferdig' oppsett. Søren var som vi ser av hendingsvinduet døypt i 1799 og ved å klikke på den ser vi at foreldra var Guri og Ola, busett på Stranda, så Søren var nok 'gardgut' (det må sjølvsagt stadfestast seinare). Kona Brit var frå Nes, det ser vi ved å gå inn på same måte på hennar hendingsliste. Men der er det ikkje nummertilvising, for gardane i Grytten er førebels ikkje autolenka. 

Av barna er fire autolenka, og dei har status LENKA, medan foreldra har status NESTE, sjå forklaringa her. Av hendingslista ser vi at Brit og Søren hadde to barn til, Kristine og Anne, men dei er førebels ikkje lenka.

Av vinduet øvst ser vi hendingane til foreldra til Søren (Guri og Ole). I det nedste vidnuet ser vi hendingar til relaterte personar; barn til barna og søsken til hovudpersonane. Alt dette skal lenkast saman til 'fullstendige' personar etterkvart i prosessen.

BSS har utskriftsfunksjon som blir viktig i ein sluttfase. Da kan vi ta ut utskrifter for korrekturformål, som ein del av kvalitetssikringa. Utskrifta av denne familien per nå, altså etter autolenking, men før vidare arbeid, ser slik ut:


Nå er altså dette ei heilt førebels oppsett. Vi ser at Brit og Søren også var busette på Nakken, og ved å sjå på årsaken ser vi at det gjeld folketeljinga 1865 da dei var der som sjølveigarar med kår av Stranda. Men det gardshistoriske tilhøvet mellom Nakken og Stranda må granskast nærare.

To av barna, Ola og Per, står førebels nedanfor på Stranda med familieinformasjon, men den er neppe fullstendig og vil bli supplerte seinare i prosessen.

Familie 3-2, Kari og Hans, har førebels hamna her fordi dei er busett på Stranda da barna vart døypte - men som husmannsfolk. Kvar dei budde må avklarast seinare i prosessen.

Det er elles rimeleg enkelt å forstå at for større matrikkel-/namnegardar som Breivika og Hen blir tilsvarande bilde meir kompliserte. Men autoprosessen er altså til god hjelp.












fredag 21. april 2023

Neste steg i autolenkinga: Hen og Grytten

Da har Rauma historielag inngått avtale med Snøhetta forlag a.s om å vidareføre autolenkinga av det område dei har som mål å gje ut busetnadshistorie for: tidlegare Hen og Grytten kommunar, der Kors  som kjent inngår i Grytten.

Da kan det i første omgang vere greitt å vise meir detaljert kva som er blitt resultatet av autolenkinga så langt (Kors). Av innlegget frå 31. januar ser vi at det er lenka 784 personar. Men lenking er ein prosess over fleire trinn, så av den grunn gir vi kvar lenka person ein særskilt status (eigen brukarstyrt BSS-funksjon), som forklart i dette innlegget (21.12.2022). Dei 784 vart altså i utgangspunktet AUTOLENKA, men etter den kontrollrunden vi gjer er dei nå fordelt på desse statusane:

  • LENKA: alt er ok, og personane er lenka til sine foreldre
  • NESTE: alt er ok, men foreldra er ikkje lenka ennå (men det kjem seinare, vonleg 'automatisk')
  • INNFLYTT: personar som i ei av kjeldene har fødestad utanfor, eller ikkje er funne som født i Grytten/Hen
  • SJEKK: personar som må sjekkast for eitt eller anna, t.d. datoar som ikkje stemmer
  • ANDRE: slike som kan sjå ut til berre indirekte å ha noko med Grytten/Hen å gjere, t.d. som foreldre for eit uekte barn - altså utanbygds
  • MIDLERTIDIG: personar som nok berre har vore innom Grytten/Hen, t.d. i ei folketeljing, eller ei enkelt hending utan at det er råd å kople dei til ein bustad

Under den automatiske prosessen får kvar person altså statusen AUTOLENKA, medan alle har fått ny slik status etter kontrollrunden. Det kan bli aktuelt med nye statusar undervegs.

Av annan mengdeinformasjon vi ser i databasen, er kanskje talet på bustadar (forklart i innlegget frå 31. januar) interessant.

For å sjå status på lenkinga, sjå dette oversynet (blir oppdatert etter kvart som autolenkinga går framover).


tirsdag 31. januar 2023

Autolenking av Raumabasen del 3 - Kors 1865-1920

Da har vi gått vidare med testing av denne BSS-funksjonen, og ha køyrt automatisk lenking av alle par som var til stades som 'hovudpersonar') i folketeljingane 1865, 1875, 1891, 1900, 1910 og 1920 for Kors sokn. Det har ført til at vi har lenka i alt 784 personar, dei aller fleste, men ikkje alle, er plasserte på gardar og plassar i Kors.

I del 1 vart det oppretta bustader med utgangspunkt i matrikkelen 1886 (der gardsnummer og bruksnummer vart innført) - før lenkinga starta. Under autolenkinga blir det òg oppretta bustader automatisk. Da tek systemet utgangspunkt i dei para som er ferdig lenka (med personhendingar som Anne Eiriksd. i del 2), og dei bustadane dei er kopla til (som par).

Dersom staden gjeld ei hending frå folketeljingane som er kopla til bustadregisteret vi bygde opp heilt i starten, så blir også paret automatisk kopla til den bustaden. Elles blir aktuelle stader nemnt som bustader i kyrkjebøkene rekna med, og dei som er dominerande blir vurdert oppretta som eigne «nye» bustader under den aktuelle namnegarden.

Dermed blir bustadregisteret for ein namnegard (Kyllingen) sjåande slik ut etter fase 2 av autolenkinga:


Dei fire øvste er direkte kopiert frå matrikkelen 1886 med kvart sitt bruksnummer. Dei har førebels ikkje tilkopla personar (visast ved grå pil). Deretter kjem så dei bustadane som reelt sett er registrert som bustad, fødestad e.l. i dei kjeldene / personhendingane for dei personane som nå er kopla til stadene (blå pil).

Her ser vi òg to nokre 'grå' pilar, altså bustader som er nemnd som bustad i ei av dei kjeldene som har vore med i analysen , men utan eit par busett der (vi kan godt nytte nemninga hushald òg på desse para). Dei var jo utgangspunktet for autolenk-prosedyren. Det er sjølvsagt enkelt å ta ein titt, til dømes på Fredheim, som vi kan klikke på og få fram at staden vart registrert i folketeljinga 1920. Derfra sjekkar vi innhaldet i den teljinga og får:


Altså budde husstanden til Ragnhild Amundsen f. 1878 i Hegra, enkje, og barna hennar på Fredheim i 1920. Ho vart ikkje fanga opp i autorutinane førebels. Seinare rutine fangar vonleg opp ektemannen, viss han var begravd i bygda eller hadde sett andre spor etter seg i dei kjeldene vi  har registrert..

Går ein så inn på ein bustad med blå pil, til dømes Kyllingkleiva, kan ein sjå kven som er kopla dit og korleis:

Dette bilder viser først i høgre feltet Hendingar (i BSS kalla Stadhendingar for å skilje dei frå Personhendigar) under bustaden Kyllingkleiva. Det er berre dei folketeljingane som kan sjå ut til å gjelde same bustad (etter  den automatiske lenkinga; ein nokså kompleks prosess som ikkje kan gjerast greie for i detalj). I 1865 er det 3 par 'busett på' ein plass Kleiva under Kyllingen. 10 år seinare er det blitt til fire, delvis nemnde med retningsadjektiv.

Feltet til vensre er for så vidt ikkje vist før i denne bloggen, men det vi ser her er korleis folket, hovudpersonane, på ein bustad kjem fram og blir nummerert som referanse. Kyllingkleiva er som vi ser ovafor førebels bustad nr. 14 (nummeret blir sannsynlegvis endra under oppryddinga, sjå nedanfor). Den første familien som er kopla til bustaden, Oline og Per, er familie 14-1, den neste 14-2 osv. Talet etter nummeret, med < framafor, er første årstal paret er registrert busett på Kyllingkleiva. Dei to fyrste var begge her under folketeljinga 1865 og får same startår fordi vi førebels ikkje har gått lenger bakover. Men Eli og Hans er foreldra til Per, og skal sjølvsagt stå først. Ti år seinare, i 1875, var Hans død så paret mangla, medan Oline og Per var på den eine bustaden, dei som står som den neste familien, Anne og Rasmus, var på den andre osv. Det er etter prosedyrane hittil lenka 75 personar under Kyllingen.

Neste autolenkeprosedyre kan bli å gå vidare bakover mot folketeljinga 1801 som vil vere eit rimeleg fast punkt i databasen.

Men vi ser i alle fall at det trengs manuell opprydding i basen etter autolenkinga. Det var 3 par/hushald her i 1865, fire i 1875 osv. Ved å klikke inn på 1875 ser vi òg at Kyllingkleiva var blitt matrikulert, dvs. fått eige nummer i eigedomsregisteret, matrikkelen. Oppryddinga av Kyllingen vi altså bestå av å avgjere i kva grad dei bustadane vi finn i øvste figuren eigentleg var sjølvstendige bruk eller plassar, eller kanskje berre var eigedomar / -partar utan folk busette.

Vidare må så dei para / hushalda vi har i feltet til venstre plasserast på rett bustad etter den oppryddinga, og personar som ikkje er lenka (t.d. barna til Ragnhild Amundsen, sjå figur over) må lenkast manuelt. Desse rutinane vil vi prøve å vise i seinare innlegg. Men det kan vere at vi vil gå vidare bakover før vi kjem meir inn på denne ryddinga.

Utfordring til slektsgranskarar: Anders Olss. f. ca. 1780

Som det går fram denne bloggforklaringa , får alle som blir lenka ein status (lenka, innflytt, neste m.fl.) undervegs i denne fasen. I blog...