mandag 8. mai 2023
Litt meir om autolenkinga
fredag 21. april 2023
Neste steg i autolenkinga: Hen og Grytten
Da har Rauma historielag inngått avtale med Snøhetta forlag a.s om å vidareføre autolenkinga av det område dei har som mål å gje ut busetnadshistorie for: tidlegare Hen og Grytten kommunar, der Kors som kjent inngår i Grytten.
Da kan det i første omgang vere greitt å vise meir detaljert kva som er blitt resultatet av autolenkinga så langt (Kors). Av innlegget frå 31. januar ser vi at det er lenka 784 personar. Men lenking er ein prosess over fleire trinn, så av den grunn gir vi kvar lenka person ein særskilt status (eigen brukarstyrt BSS-funksjon), som forklart i dette innlegget (21.12.2022). Dei 784 vart altså i utgangspunktet AUTOLENKA, men etter den kontrollrunden vi gjer er dei nå fordelt på desse statusane:
- LENKA: alt er ok, og personane er lenka til sine foreldre
- NESTE: alt er ok, men foreldra er ikkje lenka ennå (men det kjem seinare, vonleg 'automatisk')
- INNFLYTT: personar som i ei av kjeldene har fødestad utanfor, eller ikkje er funne som født i Grytten/Hen
- SJEKK: personar som må sjekkast for eitt eller anna, t.d. datoar som ikkje stemmer
- ANDRE: slike som kan sjå ut til berre indirekte å ha noko med Grytten/Hen å gjere, t.d. som foreldre for eit uekte barn - altså utanbygds
- MIDLERTIDIG: personar som nok berre har vore innom Grytten/Hen, t.d. i ei folketeljing, eller ei enkelt hending utan at det er råd å kople dei til ein bustad
Under den automatiske prosessen får kvar person altså statusen AUTOLENKA, medan alle har fått ny slik status etter kontrollrunden. Det kan bli aktuelt med nye statusar undervegs.
Av annan mengdeinformasjon vi ser i databasen, er kanskje talet på bustadar (forklart i innlegget frå 31. januar) interessant.
For å sjå status på lenkinga, sjå dette oversynet (blir oppdatert etter kvart som autolenkinga går framover).
tirsdag 31. januar 2023
Autolenking av Raumabasen del 3 - Kors 1865-1920
Da har vi gått vidare med testing av denne BSS-funksjonen, og ha køyrt automatisk lenking av alle par som var til stades som 'hovudpersonar') i folketeljingane 1865, 1875, 1891, 1900, 1910 og 1920 for Kors sokn. Det har ført til at vi har lenka i alt 784 personar, dei aller fleste, men ikkje alle, er plasserte på gardar og plassar i Kors.
I del 1 vart det oppretta bustader med utgangspunkt i matrikkelen 1886 (der gardsnummer og bruksnummer vart innført) - før lenkinga starta. Under autolenkinga blir det òg oppretta bustader automatisk. Da tek systemet utgangspunkt i dei para som er ferdig lenka (med personhendingar som Anne Eiriksd. i del 2), og dei bustadane dei er kopla til (som par).
Dersom staden gjeld ei hending frå folketeljingane som er kopla til bustadregisteret vi bygde opp heilt i starten, så blir også paret automatisk kopla til den bustaden. Elles blir aktuelle stader nemnt som bustader i kyrkjebøkene rekna med, og dei som er dominerande blir vurdert oppretta som eigne «nye» bustader under den aktuelle namnegarden.
Dermed blir bustadregisteret for ein namnegard (Kyllingen) sjåande slik ut etter fase 2 av autolenkinga:
Her ser vi òg to nokre 'grå' pilar, altså bustader som er nemnd som bustad i ei av dei kjeldene som har vore med i analysen , men utan eit par busett der (vi kan godt nytte nemninga hushald òg på desse para). Dei var jo utgangspunktet for autolenk-prosedyren. Det er sjølvsagt enkelt å ta ein titt, til dømes på Fredheim, som vi kan klikke på og få fram at staden vart registrert i folketeljinga 1920. Derfra sjekkar vi innhaldet i den teljinga og får:
onsdag 21. desember 2022
Autolenking av Raumabasen - del 2
Etter å ha oppretta bustader i basen slik forklart i dette innlegget, er tida etter kvart inne til å sette i gang med sjølve lenkinga (altså søke fram personhendingar i databasen og lenke dei saman til ein person slik det er forklart her).
Prosessen vi kallar autolenking tek utgangspunkt i dei svært sterke søkefunksjonane i BSS. Autolenkinga er eigentleg ei oppskrift (maskinell simulering) av arbeidet med å søke fram hendingar som gjeld ein og same person eller eit par, og kople saman desse til «ferdige» personar (lenking) med kjente namn, fødsels/dødsdato, forhold til andre personar (barn, familie), opphav (foreldre), bustader osv.
Det er – som tidlegare nemnt fleire gonger – mest rekningssvarande å ta utgangspunkt i to personar som er relaterte til kvarande (vanlegvis gifte). Da vil variablane to for- og etter-/farsnamn kombinerte med kvarandre utgjere eit nokså lite utval, i alle fall viss dei to ikkje er Ole Olsson og Kari Olsdotter (sjølv da er det neppe snakk om mange slike kombinasjonar, når vi veit om lag når dei levde). Ein vil som oftast – om ikkje anna så frå ei folketeljing – altså kjenne namna og ca alder på dei to hovudpersonane.
Som elles er det mange måtar å arbeide mot ein BSS-database på, men for desse 'automatiske' prosessane er det altså ein stor fordel å ta utgangspunkt i to personar som har ein relasjon seg i mellom (altså par). Autolenkinga omfattar så at paret blir kopla til aktuelle bustader nemnt i kjeldene, først og fremst folketeljingane, men det blir også oppretta andre bustader basert på namnebruk i kyrkjebøkene og andre kjelder.
Prosessen må følgjast opp av ein manuell kontrollrunde på kvar person, der vi sjekkar namn, datoar, familie, bustader osv., gjer kontrollsøk, legg til hendingar som autolenkinga ikkje godtok, eventuelt fjernar hendingar som feilaktig vart lagt til, rette opp bustader, redigere tidsperiode o.a.
BSS har alltid hatt ein funksjon for å tildele oppretta personar ein status, gjerne NY ved første manuelle lenking. Så kan brukaren lage seg eit system for å tildele status på personar, t.d. SJEKK, UTVANDRA osv. Fordelen med funksjonen er at brukaren kan søkje fram personar på status og rette opp, supplere, lage analysar osv. seinare i prosessen.
Etter den automatiske behandlinga blir kvar person tildelt ein status i personvinduet i BSS: AUTOLENKA.
Når så kontrollrunden er gjennomført, kan brukaren endre status til t.d. LENKA, SJEKK e.l. (i historiefeltet kjem det nokre gonger ein slik advarsel som her, til hjelp for brukaren).
Vi har nå testa med utgangpunkt i ektepar i folketeljingane frå 1920 og 1910 for Kors sokn i Rauma, og går vidare med dei neste teljingane. Alle personane (nokre hundre) er altså førebels automatisk lenka med tillegg av ei kontrollrutine, og vi har eit førebels manuelt tidsbruk per lenka person.
Merk at BSS fangar opp hendingar frå andre kjelder i databasen enn folketeljingane, for dei personane som blir lenka automatisk slik. Det er sjølvsagt i denne perioden hendingar frå kyrkjebøkene. Seinare blir nok særleg dødsbuskifta lagt til.
Døme: Anne Eiriksd. født 1853, d. 1935, gift 1881 med Mathias Monge:
Her har vi altså fanga opp dei sentrale hendingane i livet til Anne, frå dåpen i 1853, i folketeljingane 1865 og 1875, giftarmålet i 1881, hendingane som markerer ungane i 1882, 1884, 1887, 1890, 1894 og 1898 (dåp og konfirmasjon). folketeljingane 1891, 1900, 1910 og 1920 og gravlegginga i 1935. Alle desse er innafor dei kjeldene vi har i databasen. 1935 er siste året vi har gravlagde i Kors frå, så lista hennar er komplett. Mannen, Mathias, levde nokre år lenger, og må ev. fangast opp ved delprosjektet med familieskjema som er under arbeid. Den informasjonen må leggast til manuelt.
Når dei nominative teljingane bakover til 1865 er autolenka slik, må vi vurdere resultatet og korleis vi skal gå vidare bakover i tid. Fordelen med dei nyare nominative teljingane er at ein finn att same personar i fleire av teljingane, noko som gir sikrare grunnlag for autolenking. Mellom 1865 og 1801 er tidsspranget såpass langt at det neppe er mange personar vi finn i begge teljingane, så da må vi prøve andre metodar. Det gjeld sjølvsagt òg når vi kjem ned på 1700-talet.
torsdag 8. desember 2022
Om automatisk lenking av Raumabasen - del 1
Dataprogrammet Busetnadssoge (BSS) har ei tid hatt ein innebygd funksjon for å lenke personhendingar automatisk. Det høyrest ut som ein draum, og det er det nok til ein viss grad óg. Men BSS har frå det ble lansert i 2004 hatt sterke søkefunksjonar, og det er desse som er organiserte i repeterande søk etter personhendingar for å sette saman personar slik det er gjort greie for i dette innlegget (23. oktober), med framhald i dette (24. oktober).
Autolenk-funksjonen
mandag 24. oktober 2022
Framhald søking og lenking i BSS-databasen for Rauma
I den forrige bloggposten start vi prosessen med å lenke personar i databasen. Vi kom på slutten, fig. 11, til at vi hadde oppretta to 'BSS-personar' med felles hendingar (sjå definisjonane starten der).
Nå går vi vidare og fullfører lenkinga av Marianne. Vi legg hendigane hennar tilbake i søkevinduet og får det same utgangspunktet som da vi fann Ole som partnar.
søndag 23. oktober 2022
Om søking i og lenkinga av BSS-databasen for Rauma
Lenking er hovudoperasjonen for å sette saman person- og stadinformasjonen frå databasen til ein lesbar tekst. I dette innlegget (det første i ein serie) skal eg vise ein måte det kan gjerast på, med utgangspunkt i databasen for Rauma, men metoden er den same med alle tilsvarande BSS-databasar.
Nokre omgrep
ein BSS-database finn vi:
- Hendingar, frå dåp, vigsel, dødsbuskifte, folketeljing, utflyttarliste osv.
- Kvar hending inneheld eit antal personar, frå 1 i t.d ei gravferd eller utflytting, til mange i dåp eller vigsel (brudepar, foreldre og forlovarar)
- I kvar hending har kvar person ei rolle: som hovudperson, mor, far, brudgom osv.
- Mellom personane er det relasjonar av to slag: biologiske (barn-mor, barn-far) og partnarar (gifte, med felles barn etc.)
Grensesnittet for BSS
Søking
I fig. 2 søker ein på fornamn, farsnamn, slektsnamn, stader osv. Ein kan òg søkje på m.a kjelder, og få fram personhendingar frå ei folketeljing e.a.Opprette personar
Partnarsøk og -lenking
Utfordring til slektsgranskarar: Anders Olss. f. ca. 1780
Som det går fram denne bloggforklaringa , får alle som blir lenka ein status (lenka, innflytt, neste m.fl.) undervegs i denne fasen. I blog...
-
Lenking er hovudoperasjonen for å sette saman person- og stadinformasjonen frå databasen til ein lesbar tekst. I dette innlegget (det første...
-
Per i dag (8. mai 2023) er vi kome til og med Hen, gardsnummer 43, i autolenkingsprosessen, og det kan vere av interesse å sjå korleis dei e...
-
Etter å ha oppretta bustader i basen slik forklart i dette innlegget , er tida etter kvart inne til å sette i gang med sjølve lenkinga (alts...








.jpg)

























